Litauisk lin og Norsk ull

I samband med eit EØS-støtta prosjekt om ull og lin i samarbeid med Norsk Folkemuseum og Fine Craft assosation of Vilnius (Litauen), viser Nordfjord Folkemuseum utstillinga «Lin og …

546 0
546 0
fb

I samband med eit EØS-støtta prosjekt om ull og lin i samarbeid med Norsk Folkemuseum og Fine Craft assosation of Vilnius (Litauen), viser Nordfjord Folkemuseum utstillinga «Lin og ull i Litauen og Norge». Utstillinga skal visast i ei byd i tillegg til i hovudstaden i Norge og Litauen, og i Norge er denne bygda Sandane! I utstillinga følgjer vi vegen frå sau og linplante til ferdig tekstil. Utstillinga viser likskap og skilnad mellom linet og ulla, og likskap og skilnad mellom norske og litauiske reiskap og teknikkar.
Utstillinga er her berre i tidsrommet 24-26 januar. På dagtid vert utstillinga eit tilbod til skuleklassar, medan vi på kveldstid har to arrangement knytt til vinterfesten. Tysdag 25.januar kl 19.00: Strikkekafe i samarbeid med Frivillegsentralen. Onsdag 26.januar kl 19.00: Omvsing i utstillinga «Lin og ull i Litauen og Norge», demonstrasjon og høve til å prøve dei ulike prosessane saman med våre Litauiske kollegaer. (inngang kr 50,-)

Etter å ha vore på Sandane skal utstillinga til Oslo, før den går vidare til Vilnius og landsbyane Krikštėnai og Gyvoliai.
Les meir om prosjektet her:

Open kafe frå kl.18.30

https://www.facebook.com/events/1583383445022200/

https://nb-no.facebook.com/Vinterfest-i-Gloppen-361214423976402/

https://www.facebook.com/gloppenfrivilligsentral/

https://www.facebook.com/events/1583383445022200/1623102114383666/?notif_t=admin_plan_mall_activity&notif_id=1485424610197189

Meld deg inn på diskusjon